Hopp til innhold
X
Innhald

Coop Mega Indre Vestland

Domus i Sogndal rundt 1970. Foto: Leiv Bergum.

Domus i Sogndal rundt 1970. Foto: Leiv Bergum.

Sogn Samvirkelag vart skipa i 1965 ved at samyrkelaga i Sogndal, Kaupanger, Indre Hafslo, Gaupne, Jostedalen, Skjolden, Ljøsne, Lærdal, Leikanger/Hermansverk og Balestrand slo seg saman. Året etter kom også samyrkelaga i Fresvik, Hafslo, Fortun og Fjærland med. Hovudadministrasjonen vart lagt til Sogndal.

I 1969 bygde Sogn Samvirkelag Domus varehus i Gravensteinsgata i Sogndal, og fekk dermed samla forretningsaktivitetar som laget hadde drive i ulike bygg i Sogndalsfjøra i eitt bygg. Sogn Samvirkelag vart ein integrert del av Sogningen Storsenter då dette vart opna i 1998.

I 2000 gjekk Sogn Samvirkelag saman med samvirkelaga i Årdal og Voss inn i Coop Indre Vestland BA.

I Sogndal kommune omfatta konsernet i år 2003 Coop Mega butikk /Domus varehus, Intersport, Popl, Princess og Strax-kiosk i Sogningen Storsenter, Det Norske Møbelsenter, Norbohus Sogn AS og Coop Prix på Kaupangerskogen. Etter store økonomiske problem, vart Coop Mega Indre Vestland i 2004 delt: Forretningane i Sogn og Fjordane, med unntak av Flåm, vart lagt under Coop Sogn og Fjordane med administrasjon i Førde, medan dei øvrige fem gjekk inn i Coop Hordaland.

Coop Vest BA

Den 1. januar 2008 vart Coop Nor-Sunn, som har forretningar i Nordfjord og på Sunnmøre, slege saman med Coop Sogn og Fjordane til Coop Vest BA. Den nye eininga har i alt 83 butikkar frå Hareid i nord til Lærdal i sør og har og kring 870 tilsette. Coop Vest har hovudkontor i Førde.

Leikanger:

- Systrond Samvirkelag.

Luster:

- Sogn Samvirkelag.

Årdal:

Øvre Årdal Samvirkelag.

Nedre Årdal Samvirkelag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.08.2011