Hopp til innhold
X
Innhald

Dag Skram

Dag Skram. Foto: Kai Aage Pedersen, NRK.

Dag Skram. Foto: Kai Aage Pedersen, NRK.

Dag Skram fødd 1955 i Sogndal. Høgskulelektor og visesongar.

Utdanna spesialpedagog ved Statens Spesiallærerhøyskole i 1985. Arbeidde m.a. på Barnevernsakademiet til 1987, då han vart lektor ved Sogndal Lærarskule, og seinare høgskulelektor ved HSF. Gav i 2002 ut boka ”Leik og læring i samspel”.

Skram har som visesongar m.a. samarbeidd mykje med Olav Stedje. Skram har skrive og tonesett fleire viser, og gav i 2001 ut solo-CD-en «Doggdråpenatt». Bror til Knut Skram og far til Eva Weel Skram.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011