Hopp til innhold
X
Innhald

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Ein dag i veka tek dei museumstilsett på seg kle frå 1800-talet og arbeider rundt husa. Her held naturhistorisk konservator Liv Byrkjeland på med garnfarging. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein dag i veka tek dei museumstilsett på seg kle frå 1800-talet og arbeider rundt husa. Her held naturhistorisk konservator Liv Byrkjeland på med garnfarging. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Museumsbyggjarane Heiberg

Sogn Folkemuséum på Kaupangerskogen er det største muséet i fylket og byggjer på samlingane i Det Heibergske Familiemuséum som vart bygd opp på Øvre Amla av familien Heiberg. Den spesielle historia bak skipinga av Det Heibergske Familiemuséum på Øvre Amla kan du lese i artikkelen:

Museumsbyggjarane Heiberg

I museumstunet på Øvre Amla stod dei gamle bygningane tett, og brannfaren var stor. I tillegg stod det meste av muséet svært tett innpå det private gardstunet. På 1970-talet starta difor flyttinga av museet til ei ny tomt på Kaupangerskogen. Her vart det også bygt eit stort museumsbygg med administrasjonskontor, utstillingssalar og brannsikre magasin.

Flyttinga av dei fleste bygningane frå Amla var gjennomført i 1984 då kong Olav V stod for den offisielle opninga av det nye museet i samband med at han var i Sogn på 800-årsjubileet for slaget ved Fimreite.

Frå indre Sogn-tunet på Sogn Folkemuséum. Ein dag i veka kler muséumstilsette på seg drakter frå 1800-talet og arbeider rundt husa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå indre Sogn-tunet på Sogn Folkemuséum. Ein dag i veka kler muséumstilsette på seg drakter frå 1800-talet og arbeider rundt husa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein stor vassel og ei trebøtte prydar inngangen til muséet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein stor vassel og ei trebøtte prydar inngangen til muséet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Interiør i stovehus frå garden Haugen i Krundalen i Jostedalen, slik det såg ut ca 1870. Stova er bygd på 1700-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Interiør i stovehus frå garden Haugen i Krundalen i Jostedalen, slik det såg ut ca 1870. Stova er bygd på 1700-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Norsk typehus på museum

Sidan har museet også bygt ut ei meir moderne avdeling - m.a. er det reist eit norsk typehus frå 1980-talet, innreidd i alle rom slik stil og smak var på den tida då huset vart bygt. Muséet viser også interiør slik folk møblerte i mellomkrigstida 1918-1940. I dag har muséet ei samling av kring 50 antikvariske hus og kring 50.000 gjenstandar. Biblioteket innheld 30.000 bøker. De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuséum er eitt av dei største muséa på Vestlandet.

Leitehuset er eit døme på bustadhus frå 1960-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Leitehuset er eit døme på bustadhus frå 1960-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dette er typehuset ”Stella” frå 1988. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dette er typehuset ”Stella” frå 1988. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogn Fjordmuseum

Sogn Fjordmuseum ved ferjeleiet i Kaupanger inneheld samlingar av m.a. av eldre båtar og sjøbruksutstyr frå Sogn.

”Elvhaug” i Sogndal sentrum er testamentert til Sogn Folkemuséum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

”Elvhaug” i Sogndal sentrum er testamentert til Sogn Folkemuséum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Museumseigedomar i Sogndal

I 1997 fekk De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum ei stor testamentarisk gåve etter Marit Mossige Ryssdal (1908-1997). Det var eigedomen «Elvhaug» midt i Sogndal sentrum. Her hadde ho og ektemaken Jon Ryssdal frå Gloppen m.a. ei stor samling biletkunst, bøker og møblar. Etter testamentet skal Elvhaug takast vare på slik den stod då De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum overtok den.

Båtbyggeriet til Svein Henjesand i Eidet er ein del av museet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Båtbyggeriet til Svein Henjesand i Eidet er ein del av museet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Båtbyggeri i Eidet

I 2000 overtok museet småbruket og båtbyggeriet etter Svein Henjesand i Eidet. Dette ligg i enden for den vesle fjordarmen som stikk austover frå Sogndalsfjorden.

Stedje Mølle og Tingastad

Museet har også ansvaret for den verna Stedje Mølle ved Sogndalsaelva, og ei oppgangssag på Tingastad ved Sognefjorden like sør for Sogndal Lufthamn.

Oppgangssaga på Tingastad er og Sogn Folkemuseum sitt ansvar.

Oppgangssaga på Tingastad er og Sogn Folkemuseum sitt ansvar.

Desse husa frå strandsitjarmiljøet Henjasand på Hermansverk har fått sin plass på muséumsområdet på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Desse husa frå strandsitjarmiljøet Henjasand på Hermansverk har fått sin plass på muséumsområdet på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I friluftsmuseet blir det mellom anna vist korleis folk i eldre tider laga lauvrauk og tørka graset i hesjer. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I friluftsmuseet blir det mellom anna vist korleis folk i eldre tider laga lauvrauk og tørka graset i hesjer. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På museumsområdet er det potetdyrking og grisehald. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På museumsområdet er det potetdyrking og grisehald. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudbygningen med magasin som innheld eit stort utval av gjenstandar frå Sogn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudbygningen med magasin som innheld eit stort utval av gjenstandar frå Sogn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I magasinet er det mellom anna ei stor samling med drikkekar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I magasinet er det mellom anna ei stor samling med drikkekar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå avdelinga med kjøkkenutstyr. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå avdelinga med kjøkkenutstyr. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.09.2011