Hopp til innhold
X
Innhald

Dei første skulehusa i Sogndal

Elevar og lærarar ved Torstad skule i 1929. Ukjend fotograf. Eigar: Hjalmar Husum/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Elevar og lærarar ved Torstad skule i 1929. Ukjend fotograf. Eigar: Hjalmar Husum/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I lang tid vart folkeskulen driven som omgangsskule i dei fleste bygder i Sogndal. Det første faste skulehuset som er nemnt, finn vi i ein branntakst frå Kaupanger i 1835. Det er truleg at dette vart bygt av godseigar Knagenhjelm for eigne midlar.

Dette huset i Sogndalsfjøra er no bedehus, men var skulehus frå 1836 til 1893. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dette huset i Sogndalsfjøra er no bedehus, men var skulehus frå 1836 til 1893. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skulehus i 1836

I den etter måten folkerike strandsitjarstaden Sogndalsfjøra vart det bygt skulehus i 1836. Dette skulehuset vart ombygt i 1862, men selt i 1893 og seinare nytta som bedehus. I 1862 var det til saman 586 born som gjekk på folkeskulen i til saman 19 skulekrinsar i dåverande Sogndal kommune.

Ei ny skulelov i 1860 sette krav til at det vart bygt eigne skulehus i alle krinsar. I Sogndal kom dei slik:

Tidlegare Indre Fjærland skule er no grendehus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tidlegare Indre Fjærland skule er no grendehus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1861

fekk Indre Fjærland fastskule, og året etter fekk krinsen det første skulehuset på Skarestad. Krinsen fekk nytt skulehus i 1928.

I 1865

vart eit tidlegare privathus på Amlasanden omgjort til skulehus.

Elevar og lærar ved Lomelde skule i 1913. Framme frå venstre: Hilda Ølmheim, Borghild Slinde, Helga Slinde, Olav Ølmheim, Erling P. Ølmheim, Åmund Nornes, Karl Nornes og Ola Ølmheim. Andre rekkje frå venstre: Borghild Nornes, Johanna Nornes, Marta Lomelde, Hildur Slinde, Audun Slinde, Johan Lomelde, Harald Slinde og Hans Nornes. Bak frå venstre: Gunnhild Nornes, Johanna Slinde, Anna Nornes, Gudrun Slinde, lærar Andreas Fondenes, Ola A. Slinde og Sigvald Ølmheim. Ukjend fotograf. Eigar: Harald Fondenes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I 1867

vart det bygt skulehus i Lomeldshagen.

I 1868

kom skulehus på Åberge, men nedlagt i 1897, då skulekrinsen gjekk inn i Trudvang.

I 1870

vart eit tomt budstadhus i Kaupanger omgjort til skulehus.

Skulehuset som vart bygt i Øybrekka i 1929. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skulehuset som vart bygt i Øybrekka i 1929. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1871

vart det bygt nytt skulehus i Øybrekka, og erstatta med nybygg i 1929.

Skulehuset på Skogen, bygt i 1894 og ombygt og flytta i 1954, er framleis i bruk som ein del av Kaupanger skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skulehuset på Skogen, bygt i 1894 og ombygt og flytta i 1954, er framleis i bruk som ein del av Kaupanger skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1872

vart det bygt skulehus i Skogen (Olstad). Krinsen fekk nytte skulehus på Brekkebøen i 1894, som igjen vart flytta og bygt om i 1954.

Hovudbygningen til Kaupanger skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudbygningen til Kaupanger skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1877

fekk Midtre Fjærland krins skulehus på Hamrum. Dette skjedde etter ein lokal strid der nokre ville ha felles skulehus på Hamrum, medan andre ville ha to skulehus; eitt på Berge på austsida av fjorden og eitt i Mundal. Sidan dei fleste borna budde i Mundal, vart det frå 1917 leid lokale til skulen i Mundal, og skulehuset på Hamrum vart ståande tomt. Etter ein ny strid om samanslåing med Indre Fjærland krins, vart det bygd nytt skulehus i Mundal i 1950, og i 1953 vart krinsnamnet også endra til Mundal. Sjå elles artikkelen: Skuleordningane kring Fjærlandsfjorden.

Fjærland skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjærland skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1879

kom nytt skulehus på Berget (Eskestrand). Det vart flytta til Øyre i 1914.

I 1884

vart det skule på Notsete, der det kom nybygg i 1922.

Gjesthaugen skule i 1930. Ukjend fotograf. Eigar: Tore Sviggum/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Gjesthaugen skule i 1930. Ukjend fotograf. Eigar: Tore Sviggum/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I 1886

kom det skulehus på Gjesthaugen.

I 1892

vart det skulehus i Trudvang (Sogndal), der også Åberge krins gjekk inn. Nybygg på Trudvang i 1957, og nye utvidingar i 1980 og 2000.

Gamle Trudvang skule. Ukjend fotograf. Eigar: Olav O. Vatlestad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Gamle Trudvang skule. Ukjend fotograf. Eigar: Olav O. Vatlestad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Trudvang skule i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Trudvang skule i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1895

kom skulehus i Torstadhagen.

I 1897

vart det bygt skulehus på Øybrekkreset (Nygard), ombygt i 1954.

Valeberg skule i  1914. Foto: Ole P. Fosse. Eigar: Kirstina Vikane/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Valeberg skule i 1914. Foto: Ole P. Fosse. Eigar: Kirstina Vikane/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

1909

vart det skule på Barsnes og på Valeberg.

I 1923

fekk Fimreite skulehus.

Haukåsen

var også eigen skulekrins i nokre år, men her vart det ikkje bygt skulehus. Ei tid var det til saman 21 skulekrinsar i gamle Sogndal kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 19.08.2011