Hopp til innhold
X
Innhald

Den norske Bokbyen

I 1995 fekk Fjærland ein ny turistmagnet: Den norske Bokbyen, opna av kulturminister Åse Kleveland.

I 1995 fekk Fjærland ein ny turistmagnet: Den norske Bokbyen, opna av kulturminister Åse Kleveland.

Stammar frå Wales

Etter opptak frå hotelleigar Marit Orheim Mauritzen og ekteparet Kari og Claus Kvamme, vart det opna utsal for alle slags bruktbøker i fleire småhus langs strandkanten i Mundal.

Stammar frå Wales

Bokby-ideen stammar frå Wales på 1960-talet, då Richard Booth starta å selje store mengder billege bruktbøker i det ledige kino-lokalet i heimbyen Hay-on-Wye. Der har verksemda vakse seg til 40 utsal og ein verdskjend årleg litteraturfestival. Det er førebels flest bokbyar i Europa.

Mange utsal

I Fjærland er verksemda delt i Den norske Bokbyen AS med fleire utsal, og Nynorsk Antikvariat AS. I sommarsesongen har Bokbyen kring 200.000 bøker for sal. Bokbyen har også skipa til populære «boknetter» kring jonsoktider.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2011