Hopp til innhold
X
Innhald

Den synske på Rutlin

På Rutlinshaugen budde Sunneva Ivarsdotter Flugheim(1805-1884) i ei lita stove. Ho gjekk for å vere synsk, og gjekk under kallenamnet Spædlita. Det seiest at ho gav gode vervarsel til bonden på Rutlin. Ho såg også føre seg telefon, elektrisitet og automobilar lenge før slike reiskapar vart tekne i bruk i bygdene.

Om telefonen sa ho: - Eg forstår ikkje, heile Fjøra er samanbunde med strengjer.

Og om bilane: - Vognene går etter vegane utan hestar.

Men å spå folk, det ville ho ikkje, sjølv om dei bad tynt.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018