Hopp til innhold
X
Innhald

Dødsdømd for utukt med brorson til ektemann

Ølnes, der ei kvinne vart dømd til døden for blodskam. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ølnes, der ei kvinne vart dømd til døden for blodskam. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1764 vart Ingeborg Larsdotter Ølnes dømd til døden fordi ho vart funnen skuldig i å ha fått barn med brorsonen til den avdøde ektemannen sin. I dei dagar vart det nemleg rekna som blodskam å ha seksuelt samkvem med ektemaken si slekt heilt ut til tredje ættledd.

Ingeborg skulle halshoggast med sverd og liket gravleggjast utan kyrkjeleg seremoni. Korleis det gjekk med den dødsdømde til slutt, veit ingen – heller ikkje om mannen som ho hadde fått barn med, fekk straff.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018