Hopp til innhold
X
Innhald

Drap og avretting på Eggja

Arresten på Bjedla. Foto i privat eige.

Arresten på Bjedla. Foto i privat eige.

Kring 1800 budde lensmannen i Sogndal på garden Bjedla. Her hadde han mura eit lite fengsel. Ikkje så langt unna ligg Eggjaberget, som i 1841 vart nytta som rettarstad for Johannes Mikkelsson Eggja f. 1807. I 1838 hadde han teke livet av kona og minstebarnet Ola på eitt år med rottegift.

Også andre hadde fått i seg av gifta, og mistanken om at den kranglevorne og vanskelege Johannes hadde teke livet av familiemedlemer vart vekt. Det vart ført 27 vitne, men Johannes vreid seg unna. Først då presten vitja han i fangehuset, tilsto han. Johannes vedgjekk at han hadde planlagt drapet på kona då han skaffa seg gifta. Då kona var teken av dage, tok faren livet av småguten for at denne ikkje skulle leve opp morlaus. Dei to kistene vart gravne opp og lika obduserte. Mannen vart dømd til avretting ved halshogging, og den døde lekamen skulle leggjast på steile til spott og spe.

Ein anke på domen førde ikkje fram, og mordaren vart avretta på Eggjaberget den 16. juli 1841. 100 sodlatar var kommanderte ut for å stå vakt på rettarstaden der det hadde samla seg mykje folk. Johannes vart boden å bkli køyrd frtam til skafottet, men då svara han at han ……”ikke havde gaaet saaledes til Eggebærget før”.

Før avrettinga hadde Johannes Eggum site i arrest i lensmann Johan Chr. Jersin sin steinmura arrest på lensmannsgarden Bjedla. Dei siste murane etter denne arresten vart rivne etter 2. verdskrig.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018