Hopp til innhold
X
Innhald

Drapsmann på Fimreite fekk nåde

Kring 1600 vart odelsguten på ein gard på Fimreite så arg på gardsdrengen at han slo han i hjel ein dag dei arbeidde i skogen ovanfor tunet.

Faren til mordaren vart redd for at odelsguten skulle dingle i galgen etter ugjerninga. Difor reiste han til kongen i København og bad om nåde for sonen. Det fekk han, men som motyting måtte Fimreite-bonden dele frå ein del av jorda og gje den til presten i Sogndal. Denne teigen har sidan vorte heitande Prestengi.

Den drepne drengen vart gravlagt ved kyrkja på andre sida av Sogndalsfjorden. Men til skrekk og åtvaring for andre, reiste presten ein kross oppe i lia det drapet hadde skjedd. Denne staden har sidan vorte kalla Krossengi.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018