Hopp til innhold
X
Innhald

Edvard Johan Michelsen Faleide

Gravstaden til familien Faleide ved Stedje kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gravstaden til familien Faleide ved Stedje kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Edvard Johan Michelsen Faleide (1911-1950) frå Sogndal. Jurist og motstandsmann under 2. verdskrig. Kva som førde til at Edvard Faleide vart arrestert den 20. februar 1945 er ukjent, men det er grunn til å tru at det kan ha samanheng med opprullinga av Milorg i Sogn og Fjordane i februar 1945. Han vart overført til fengsel i Bergen, og deretter til Espeland den 20. mars.

Faleide vart sleppt fri før krigen var slutt, men hadde fått så store skadar etter grov tortur at han døydde i 1950. Også broren Hans Gullak Dahl Faleide var motstandsmann og lei same lagnad med torturskadar som han seinare døydde av. Faren til brørne var lensmann Andreas Faleide i Sogndal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.08.2011