Hopp til innhold
X
Innhald

Eggjasteinen

Eggjasteien © Fotoarkivet Bergen Museum.

Eggjasteien © Fotoarkivet Bergen Museum.

Eggjasteinen er frå 600-talet og har den lengste innskrifta med dei eldste runeteikna som ein kjenner til i Europa.

Eggjasteinen er 1,60 meter lang og 0,71 meter brei og vart funnen i 1917 på garden Eggum (Eggja) av bonden Nils J. Eggum. Gjennom museumsmannen Gert Falch Heiberg vart den kjende arkeologen Haakon Shetelig tilkalla for å granske steinen.

Steinen vart flytta til Bergen Museum, medan De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum har fått ein gipskopi.

Urnordisk språk

Runene er plasserte i to lange og ei kort rekkje med til saman kring 180 runeteikn. Språket er urnordisk, som var eit felles germansk språk som vart nytta i Nord-Europa fram mot år 500.

Tolka som gravskrift

Tolka som gravskrift

I 1919 tolka runeeksperten Magnus Olsen innskrifta til å vere ei gravskrift over bonden på Eggja, som vart svikefullt drepen og deretter dregen heim att til garden på ein slede:

: Ikkje treft av sol : og ikkje skoren med kniv : Denne (steinen) overauste mannen med liksjø (blod) : og skrapa med den keipar på ein bornmøde hun (slede) : Kven av flokken er komen hit til menneskeland. : Fisken, den faste i sitt forsett, : gjennom likstraumen symjande : Fuglen, som ville skrike om den fekk slite lik. : For Ormar er fostra ein hemnar.

Avvikande tolkingar

Seinare har andre forskarar kome med sterkt avvikande tolkingar: Dr. philos. Ottar Grønevik set i ei bok i 1985 teksten i samband med ei gravferd, og at første delen av skrifta knyter seg til eit dramatisk skipsforlis, og at dei omkomne vert førte av ein «menneskefisk» til dødsriket. Ein del av skrifta meiner Grønevik også knyter seg til den gamle germanske seidtradisjonen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.08.2011