Hopp til innhold
X
Innhald

Eirik Bakke

Eirik Bakke. Foto: Tor Richardsen, Scanpix.

Eirik Bakke. Foto: Tor Richardsen, Scanpix.

Eirik Bakke fødd 1977 i Sogndal. Profesjonell fotballspelar.

Spelte på A-laget til Sogndal IL Fotball fram til 1999, då han gjekk til den engelske eliteklubben Leeds United for ein overgangssum på 45 millionar kroner. Bakke var Leeds-spelar til august 2006, med unnatak av sesongen 2005/2006, då han var på utlån til Aston Villa.

I 2006 vende han tilbake til norsk fotball og bergensklubben Brann, der han fekk kapteinsbindet i 2008. Der var han til hausten 2010, då han kom heim til Sogndal og teikna ein treårskontrakt med moderklubben. Men etter 2012-sesongen la Bakke opp som fotballspelar. Han gjekk då inn i jobb som talentspeidar for Sogndal Fotball. I juni 2014 vart det kjent at han tek over som hovudtrenar for A-laget til Sogndal Fotball etter 2014-sesongen.

Eirik Bakke har spela meir enn 50 kampar på dei norske landslaga i aldersbestemte klassar, og har som seniorspelar hatt 27 kampar på det norske A-landslaget. Son til Svein Bakke.

I 2011 var Eirik Bakke tilbake i sogndaldrakta. Foto: Rune Fossum, NRK.

I 2011 var Eirik Bakke tilbake i sogndaldrakta. Foto: Rune Fossum, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015