Hopp til innhold
X
Innhald

Ekserserplass i Sogndal

Sogndal ca. 1890. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen UiB.

Sogndal ca. 1890. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen UiB.

På 1700-talet vart det skipa militær eksersisplass ved Sogndalsfjøra for Sogndahlske Compagnie, som høyrde under Bergenhusiske Regiment. Eksersisplassen låg på ei flate like ved strandsitjarstaden i Sogndalsfjøra.

Men også på Loftesnes vart det eksersert. Bataljonssjefen Peter Brun budde på 1770-talet på garden Nes. Også på garden Bahus budde det kompanisjefar på 1830-talet, og frå 1719 til 1735 var oberstløytnant Hans Otto Steen eigar av garden Hove i Sogndal.

Eksersisplassen ved Sogndalsfjøra vart lagd ned ein gong på 1800-talet, men staden vert framleis kalla "Plassen". Garden Nes var sjefsgard for kompanisjefen, og elles budde offiserane i Sogndalsfjøra.

Nes var sjefsgard. Dette biletet er teke på 1950-talet. Vi ser Loftesnesferja på veg over sundet, og i framgrunnen ser vi at det er fylt ut masse der eitt av fundamenta til Loftesnesbrua litt seinare vart reist.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 02.09.2011