Hopp til innhold
X
Innhald

Elektroverksemda til Holen

Holen Elektrosenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Holen Elektrosenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Agnar J. Holen starta som eletroinstallatør i Sogndal i 1933. Han tok etter kvart til å selje komfyrar og andre elektriske apparat i eigen butikk.

Verksemda vart i 1972 overteken av sonen Svein Holen, og har vakse til ei av dei største elektro- og innstallasjonsverksemdene i Sogn. I 1970 bygde firmaet eit nytt forretningsbygg i Fjøra, og med seinare utvidingar er dette på 1540 kvadratmeter.

På slutten av 1980-talet vart verksemda delt i to sjølvstendige aksjeselskap: Holen Elektrosenter AS for butikken med sine fire tilsette, og Holen Installasjon AS for installasjonsverksemda med kring 30 tilsette i 2003. I 2002 hadde butikken ei omsetning på 14 millionar kroner og installasjonsfirmaet 20 millionar kroner.

I 2012 tok tredje generasjon, Agnar Holen, over leiinga.

Holen Installasjon. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Holen Installasjon. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.09.2012