Hopp til innhold
X
Innhald

Erik A. Flåten

Erik A. Flåten. Foto: Arve Uglum, NRK.

Erik A. Flåten. Foto: Arve Uglum, NRK.

Erik A. Flåten fødd 1941 i Sogndal. Forretningsmann. Utdanna frisør.

Etter nokre år i Amerika, gjekk Flåten inn i familieverksemda Flåten dame- og herrefrisørsalong i Sogndal. I 1967 bygde han Park Minitell, og dreiv dette til han kring 1980 starta utbygginga av Vesterland Feriepark på Kaupangerskogen. I 1985 bygde han ein stor forretningsgard på 4.000 kvadratmeter i Sogndal sentrum som vart leigd ut til distriktshøgskulen.

Vesterland Feriepark er med åra bygt ut til eit av dei største overnattings- og fritidssentra på Vestlandet, med plass til 560 overnattingsgjester, butikkar, restaurantar, idrettshall, symjebasseng m.m. Etter konkurs i 2005 tok ei investorgruppe i indre Sogn over det meste av eigedomen.

Flåten har m.a. hatt tillitsverv i fotballgruppa i Sogndal Idrettslag, Sogn og Fjordane Reiselivsråd og i Sogndal Utviklingsselskap.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.08.2011