Hopp til innhold
X
Innhald

Eva Weel Skram

Eva Weel Skram, musikar og låtskrivar, som slo gjennom som artist i tv-programmet «Idol» i 2005, danna popduoen Eva & the Heartmaker i 2006, song på norsk i TV-programmet «Hver gang vi møtes» i 2016 og har sidan gjeve ut fleire låtar der ho syng på dialekt.

Eva Weel Skram vart fødd 17. desember 1985 i Sogndal, og er busett i Oslo. Ho fullførte musikk, dans og drama på Firda vidaregåande skule i 2004 og gjekk deretter eitt år på musikklinja ved Romerike folkehøgskule.

I 2005 deltok ho i songtevlinga «Idol» på TV2, og fekk sjetteplassen, og med det slo ho gjennom i offentlegheita. Året etter debuterte ho som plateartist i duoen Eva & the Heartmaker i lag med låtskrivar og gitarist Thomas Stenersen. Dei gav ut fire studioalbumd: «Behind Golden Frames» (2006), «Let’s Keep This Up Forever» (2009), «Dominoes» (2011) og «Traces of You» (2013).

Det var ei ny TV-deltaking som førte til neste steg i karrieren hennar: I 2016 deltok ho i «Hver gang vi møtes” på TV2, og tolkingane hennar av norske låtar på dialekt fall i smak hjå publikum. Same året slapp ho sin første norskspråklege singel og song tittelmelodien til NRKs julekalender «Snøfall».

Eva & the Heartmaker vart i 2011 kåra til ”Best Norwegian Act” på nettsidene til MTV. I 2011 vart ho og tildelt Luttprisen som årets beste artist i Sogn og Fjordane.

Eva Weel Skram. Foto: Torbjørn Fardal, NRK.

Eva Weel Skram. Foto: Torbjørn Fardal, NRK Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.03.2018