Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdsla på fjorden i Sogndal

DS ”Alden” frå Fylkesbaatane på Amlabukta i 1930. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

DS ”Alden” frå Fylkesbaatane på Amlabukta i 1930. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Lunden første stoppestad

heilt frå 1840-talet var Lunden ved utløpet til Sogndalsfjorden stoppestad for dei første dampskipa som tok til å trafikkere postruta Bergen-Lærdalsøyri. Både Fardal og Slinde vart sløyfa av Fylkesbaatane, men etter ein aksjon kom Slinde på rutekartet att.

Sogndalsfjøra stoppestad

Sogndalsfjøra vart stoppestad for Fylkesbaatane frå ruteselskapet vart skipa i 1858. Sogndal vart endestoppestad for ekspressbåten Sogn-Bergen frå 1996.

Kamp om rutene i Amlabukta

Amla fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1862. I 1897 søkte godseigar Knagenhjelm og andre oppsitjarar på vestsida av bukta om at rutestoppen vart flytta frå Amla og over til dei på vestsida. Men direksjonen i Fylkesbaatane avslo. Først i 1915 fekk Knagenhjelm oppfylt ynskjet om rutestopp.

MB Mundølen ved kai i Mundal. © Fjærland Sogelag.

MB Mundølen ved kai i Mundal. © Fjærland Sogelag.

Båtrutene i Fjærland

Fjærland fekk sporadiske anløp av Fylkesbaatane alt i 1861, men fast rutebåt ein gong i månaden frå 1862.

MF Vetlefjord ved kai i Mundal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

MF Vetlefjord ved kai i Mundal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fardal

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1877. Frå 1924 til 1927 sløyfa Fylkesbaatane Fardal som stoppestad fordi dei fekk sterk konkurranse av private rutebåtar som trafikkerte bygda. Sjå meir om dette under Slinde kai: Lunden første stoppestad.

På dette biletet ser vi dampskipskaia i Fardal litt til høgre for midten. Ved den næraste kaia ligg lokalrutebåten ”Norafjord”. Ukjend fotograf. Eigar: Ragnhild Njøs/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På dette biletet ser vi dampskipskaia i Fardal litt til høgre for midten. Ved den næraste kaia ligg lokalrutebåten ”Norafjord”. Ukjend fotograf. Eigar: Ragnhild Njøs/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Jordal

på vestsida av Fjærlandsfjorden var i gamal tid eit senter for grendene langs fjorden, og fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1884.

Kaupanger var viktig ferjestad

Kaupanger vart tidleg ein av dei viktigaste ferjestadane i Sogn og Fjordane.

Loftesnesferja

- sjå: Ferje og bru over Loftesnessundet.

Ekspressbåten Fjordprins på Sognefjorden i 2011. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ekspressbåten Fjordprins på Sognefjorden i 2011. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ekspressbåten på Sogn

starta rutene i 1971. Den hadde Årdalstangen som endestopp, og gjekk opp under Kaupanger fram til 1996. Då gjorde dei nye veg- og ferjesambanda over Manheller-Fodnes at Sogneruta vart avkorta, slik at Sogndal sidan har vore endestopp.

Ekspressbåten ved kai i Sogndal. Foto: Arne Eithun, NRK.

Ekspressbåten ved kai i Sogndal. Foto: Arne Eithun, NRK.

Ferjesamband frå Fjærland

Fjærland fekk ferjesamband med dåverande kommunesenter Balestrand i 1974. Etter hard kappestrid med dei som arbeidde for at tverrsambandet i Sogn og Fjordane skulle gå via Høyanger, vart Fjærlandstunnelen (6.397 meter) opna i 1994. Samstundes vart det starta riksvegferje mellom Mundal i Fjærland og Hella på austsida av munningen til Fjærlandsfjorden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2011