Hopp til innhold
X
Innhald

Ferjesamband frå Fjærland

Rutebåten Vetlefjord ved kai i Fjærland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rutebåten Vetlefjord ved kai i Fjærland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjærland fekk ferjesamband med dåverande kommunesenter Balestrand i 1974.

Etter hard kappestrid med dei som arbeidde for at tverrsambandet i Sogn og Fjordane skulle gå via Høyanger, vart Fjærlandstunnelen (6.397 meter) opna i 1986. Samstundes vart det starta riksvegferje mellom Mundal i Fjærland og Hella på austsida av munningen til Fjærlandsfjorden.

Ferjestrekninga Fjærland–Hella var ein lekk i tverrsambandet gjennom fylket heilt fram til Frudalstunnelen og vegen gjennom Sogndalsdalen opna i 1994.

Då vart ferga til Fjærland lagt ned. Frå sommaren 1995 har Fylkesbaatane trafikkert Fjærland–Gudvangen med ei turistrute om sommaren. Den første båten som gjekk i ruta var katamaranen «Hyen», bygt ved Brødrene Aa i Hyen. Seinare kom båtane «Clipperfjord» og «Lykkeper» i turistruta fram til 2000, då Fylkesbaatane sett inn eigne ferjer i ruta.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.08.2011