Hopp til innhold
X
Innhald

Fint folk på Kjørnes

På Kjørnes (også skrive Kjødnes) på austsida av Sogndalsfjorden, ligg eit gamalt, freda herskapshus. Garden var midt på 1600-talet eigd av adelsmannen Byrge Juel som budde i Bergen.

I 1734 vart ein løytnant Johan Hartvig Kaas frå ei dansk adelsætt eigar av Kjørnes. Han vart i 1733 sjef og løytnant i Sogndalske Compagnie (sjå: Ekserserplass i Sogndal) og i 1736 kompanisjef.

Kjørnes overtok garden saman med kona Maria då svigerfaren hans Mangor, ein velstandsmann som budde på garden Foss, døydde. Etter dei kom sonen, fenrik Hermann Kaas, som eigar av Kjørnes. Men han var sjukleg, og både han og den store familien hans levde i armod. Då han døydde i 1793, overtok sonen Wollert Formann Kaas garden. Og no kom det seg, for Wollert hadde i alt fire tenestefolk til å hjelpe seg på garden. Han bygde det store, herskapelege huset som enno står på Kjørnes. I Wollert Formann Kaas si tid budde prokurator (sakførar) Otto Schreuder på Kjørnes. Han var far til den kjende misjonæren Hans Paludan Smith Schreuder.

Kjørnes på flyfoto frå 1954. © Johan Ottesens arkiv.

Kjørnes på flyfoto frå 1954. © Johan Ottesens arkiv.

I 1835 selde Kaas garden til prokurator Jonas Lund, som måtte gå frå garden og flytte til ei armodsleg stove litt lengre inn etter ei skandaleprega svindelsak.

Lund var far til forfattarinna Bolette C. Pavels Larsen.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018