Hopp til innhold
X
Innhald

Fjærland kyrkje

Fjærland kyrkje. Foto: Ottar Starheim.

Fjærland kyrkje. Foto: Ottar Starheim.

Fjærland kyrkje vart bygd i 1861 av ein ukjend byggmeister. Altartavle frå 1931 måla av Bernt Tunold.

Anna inventar frå byggjeåret eller seinare. Kyrkja vart bygt om og pussa opp i 1931 etter teikningar av Bergens-arkitekten Johan Lindstrøm. Tidlegare hadde kyrkja vore kvitmåla. No vart ho raudmåla.

Stavkyrkje på Bøyum

På garden Bøyum i Fjærland stod det ei stavkyrkje frå 1100-talet til 1610, då ho bles ned i ein storm. Endre Skarestad skal ha eigd kyrkja, og på garden Skarestad er det to stabbursstolpar som skal stamme frå denne kyrkja. Bygda hadde eigen prest i året 1306. Omlag 1610 – kan hende noko seinare – vart det bygt ny kyrkje i Mundal. Kyrkja er nemnt første gong i 1686.

Bryllaupet utsett då presten rann full

I 1811 skulle Ola Vik og Brita Skeie frå Fjærland gifte seg. Dette skulle skje ein sundag etter preika. Men presten hadde nok både reist langt og tala lenge, for han vart både svolten og tørst. Før han kunne gifte nokon, måtte han difor få i seg rikeleg med både mat og drikke. Då han endeleg var klar til å gifte dei to unge, gjekk det reint i ball. Ølet hadde ruska det slik til for den arme presten at han berre prata tull.

Etter mykje prestevas miste kyrkjelyden tolmodet. Mange reiste seg og ville gå. Men brudgomen Ola var ein kvikk kar som berga situasjonen:

- Vi skjønar alle at prestefar er sjuk i dag, så vi får slutte tenesta med å be Fadervår".

Det gjorde Ola, og kyrkjelyden gjekk kvar til sitt. Bryllaupet mellom Ola og Brita vart utsett til seinare - til det hadde klårna i skallen på den rusa presten!

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.08.2011