Fjærlands Handelsforening

Per Lidal bak disken i Fjærland Handelslag. Foto: Knut I. Skeide. Eigar: Fjærland Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Fjærlands Handelsforening vart skipa i 1897 ved at foreninga tok over butikken som Mikkel Mundal hadde drive ei tid.
Handelsforeninga flytta inn i eige nybygg med sjøbu i 1908. Frå 1916 vart ein del av sjøbua leigd ut til ei elektrisk mølle.
I 1922 bytte foreininga namn til Fjærland Handelslag. I 1958 overtok handelslaget butikken til Fjærland Samyrkelag, og forretninga gjekk inn i Sogn Samvirkelag i 1967.

Fjærland Handelslag og seinare Fjærland Samyrkelag heldt til i denne bygningen, som no er overteken av Mundal & Vangsnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 12.08.2011