Hopp til innhold
X
Innhald

Folk frå Amla dreiv Grønlands-handel

På 1700-talet var det fleire medlemer av dei velståande slektene Klingenberg, Falch og Heiberg i Amla som reiste til Grønland for å drive handel.

Ny-koloniseringa av Grønland starta i 1721 då presten Hans Egede frå Lofoten reiste over med tre skip og eit fylgje på 40 personar.

Fanatisk sekt

Den første som reiste frå Amla var Peder Klingenberg, som var assistent på kolonien Godthaab (Nuuk) frå 1729 til 1731. Else Marie Amble (1715-1805) som var gift med ein prest frå Vesterålen, reiste også på denne tida.

Seinare reiste Michael Falch til Grønland og dreiv handel frå 1788 på kolonien Sukkertoppen. I denne tida kom han i konflikt med ei fanatisk religiøs sekt av innfødde som m.a. skulle ha drepe fleire personar. Det religiøse svermeriet hadde fått dei innfødde inuittane til å flytte frå dei faste buplassane sine. Falch fekk oppgåva med å sende dei tilbake der dei kom frå slik at dei kunne ta opp att fangst og fiske. Då han i 1791 skulle avløysast som kolonistyrar, omkom dei fleste av mannskapet som var sendt for å hente han.

Fleire kom etter

Seinare drog prestesonen Edvard Christie Heiberg til Julianehaab på handel, og etter ei tid fekk han to av brørne over til å hjelpe seg. I 1806 drog ekteparet Ingeborg Marie Heiberg frå Amla og Christian Fredrik Fleischer frå Loftesnes som misjonærar til Grønland. Her var dei i teneste til 1812.

Les meir om Amla-gardane.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018