Hopp til innhold
X
Innhald

Folk frå Sogndal i tysk fangenskap

Eivind Timberlid vart teken imot av bygdefolk og hylla då han kom heim frå tysk fangenskap i mai 1945.  Her er det varaordførar Ivar O. Skjeldestad som ynskjer han velkomen heim. Ukjend fotograf. Eigar: Ingar Ness/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Eivind Timberlid vart teken imot av bygdefolk og hylla då han kom heim frå tysk fangenskap i mai 1945. Her er det varaordførar Ivar O. Skjeldestad som ynskjer han velkomen heim. Ukjend fotograf. Eigar: Ingar Ness/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Folk frå Sogndal i tysk fangenskap under 2. verdskrig:

  • Johannes Barsnes fødd 1890, lærar. Arrestert 20.03.1942, overført Grini, Jørstadmoen, Kirkenes, sett fri 20.11.1942.
  • Johan Aarvold fødd 1890, lærar. Arrestert og overført Grini 14.04.1942, sett fri 29.04.1942.
  • Sigvald Aaberg fødd 1898, politibetjent og løytnant. Arrestert 16.08.1943, overført Grune, Schildberg, Luckenwalde, og sat der til freden.
  • John O. Follerås fødd 1902, entreprenør. Arrestert og overført Kristiansand 9.07.1942, sett fri 24.07.1942.
  • Karl Bøyum fødd 1905, lærar. Arrestert 25.03.1942, overført Grini 14.04.1942, sett fri 29.04.1942.
  • Monrad Jørgensen Høl fødd 1909, pelsarbeidar. Arrestert 9.10.1943, overført Grini og sat der til freden.
  • Edvard Johan Michelsen Faleide (1911-1950) frå Sogndal. Arrestert og overført Bergen 20.2.1945. Overført Espeland 20.3.1945. Sett fri før krigen var slutt. (Sjå elles biografi).
  • Hans Gullak Dahl Faleide (1914-1946) prisinspektør, frå Sogndal. Arrestert og overført Espeland 17.9.1943. Sleppt fri 1.11.1943. Arrestert på nytt 10.1.1945 og overført Bergen, overført Espeland 10.2.1945. Sett fri før krigen var slutt. (Sjå elles biografi).
  • Sigmund Bøyum fødd 1917, student. Arrestert 30.11.1943, overført Stavern, overført Buchenwald 7.01.1944, overført Sonnheim 23.10.1944, overført Buchenwald, sat der til freden.
  • Norvald Nornes fødd 1920, student. Arrestert 30.11.1943, overført Stavern, Buchenwald 7.01.1943, overført Sennheim, overført Buchenwald,og sat der til freden.
  • Eivind Timberlid fødd 1921. Arrestert 10.02.1945, overført Espeland 19.02.1945 og sat der til freden.
  • Johannes Bøyum fødd 1924, gymnasiast. Arrestert 19.12.1944, overført Espeland 20. 12.1944. Andre opplysningar manglar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2011