Hopp til innhold
X
Innhald

Fornfunn i Fjærland

I området ved Mundal Hotel og Fjærland kyrkje er det gjort fleire fornfunn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I området ved Mundal Hotel og Fjærland kyrkje er det gjort fleire fornfunn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dei fleste fornfunna som er gjorde i Fjærland, skriv seg frå den yngre jernalder og vikingtida:

På Hatlestad vart det funne ein gravhaug med kring 8-10 meters tverrmål. Denne løynde ei hellekiste.

På grannegarden Distad fann ein i 1949 ei steinøks og ei klebersteinsgryte. På Berge er det funne ei branngrav og ei gravrøys med 18 meters diameter. Ved kyrkja og hotellet i Mundal vart det m.a. funne økser, sverd, smietang og ei utbrend mannsgrav då dei bygde hotellet i 1891.

Fakkelstein funne i Fjærland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fakkelstein funne i Fjærland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2011