Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsmannen Finn Geithus

Finn Geithus i Konfeksjon prøver å finne ei jakke som passar til Per Ingar Sviggum ein gong på 1960-talet. Foto: Leiv Bergum.

Finn Geithus i Konfeksjon prøver å finne ei jakke som passar til Per Ingar Sviggum ein gong på 1960-talet. Foto: Leiv Bergum.

Finn Geithus frå Arnafjord i Vik kommune starta konfeksjonsbutikk i Sogndal i 1958.

Saman med Kåre Navarsete bygde Geithus ein stor forretningsgard - Fossetunet - i 1969. Her dreiv han kle- og utstyrsbutikk i andre etasje og kafé i første.

I 1989 bygde Geithus og Navarsete eit nytt forretningsbygg på 3.000 kvadratmeter vegg i vegg med Domus varehus i Gravensteinsgata. Her dreiv Geithus sengety- og utstyrforretning, radio- og fjernsynsforretning, leiketøybutikk og kafé, og hadde over 20 tilsette.

Geithus selde forretningane og sin part i bygget til Kåre og Rolf Navarsete i 1986. Under firmanamnet Konfeksjon AS har Geithus og familien sidan drive med eigedomsforvaltning og forretningsgardar som dei eig i Sogndal og Bergen. Firmaet eig også halvparten av forretninga Pryd og Brukskunst AS i Sogndal, som m.a. sel gull- og sølvvarer.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 11.08.2011