Første jordbrukslærar var sogndøl
Den første vandrande «jordbrukslæraren» i Sogn og Fjordane var Elling Rasmusson Aaberge frå Sogndal. Han hadde gått på Sverdrups jordbruksskule på Jarlsberg hovudgard i Vestfold.
Aaberge var reisande lærar frå 1840 til 1842, og vart såleis den første offentlege tenestemannen innan jordbruket i Sogn og Fjordane. Men bøndene var på den tida konservative og svært mistenksame til det embetsmenn og deira sendemenn freista å «prakke» på dei om gardsdrift og fjøsstell.
Det vart litt betre då «Nordre Bergenhus Amts Landhusholdningsselskab» (frå 1919 Sogn og Fjordane Landbruksselskap) vart skipa i 1857 til avløysing for Landhusholdningsselskabet for Bergen By og Stift.
Les meir om meierihistoria i Sogndal.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 04.11.2008