Hopp til innhold
X
Innhald

Første meieriet var privat

Då det i siste halvpart av 1800-talet vart aktuelt å byggje meieri i landet, stilte mange lokale sokneselskap seg i brodden for reising av slike.

Også i Sogndal var det eit slikt sokneselskap, men det er lite som tyder på at dei synte særleg interesse for å få i gang meieridrift i sin kommmune - sjølv om pionéren Teodora Selseng hadde kome der ifrå. Det vart såleis korkje bøndene sjølve eller embetsfolkets sokneselskap, men ein hotelleigar som bygde det første meieriet i Sogndal:

I 1893 bygde Daniel Danielsen, som dreiv Danielsens Hotell eit lite privat meieri i Sogndalsfjøra. Han dreiv det private meieriet i mange år, og dreiv for det meste smørproduksjon.

Også privat i Fardal

I Fardal vart det også bygt eit lite privat meieri av Erik Hansson Fardal, som også starta landhandel i bygda i 1883.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.11.2008