Hopp til innhold
X
Innhald

Fossekjøp og industriplanar i Årøy

Fossekrafta i Årøyelva var ei av dei mest attraktive då dei første fossekjøparane tok til å kjøpe fallrettar på Vestlandet på 1890-talet.

Den gongen rådde ein ikkje over teknikk for overføring av kraft over lange avstandar. Difor var det fossefall som låg tett ved sjøen som vart kjøpte opp først. Då kunne ein byggje fabrikk og utskipingskai like ved kraftstasjonen. Slike fossefall fann oppkjøparane m.a. i Svelgen, Stongfjorden, Førde, Vadheim, Høyanger - og Årøy.

I 1899 fekk grosserar H. W. Konow frå Oslo handgjeve fallrettane i Årøy, og sikra seg også eit stort areal nedanfor Helvetesfossen med tanke på ein eller annan kraftkrevjande industri på Nagløyri ved elveosen. Planen var først å byggje ut eit kraftverk på 50.000 hestekrefter og demme opp Hafslovatnet. Men folk i Hafslo sette seg imot oppdemming.

Det vart korkje kraftverk eller industri i Konow si tid, og ein stor del av fallrettane hamna etter kvart i Asker Sparebank sine hender då grosserar Konow gjekk konkurs.

Les også om Årøy-krafta til glede og besvær.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.08.2011