Hopp til innhold
X
Innhald

Fosshaugane Campus

Fosshaugane Campus i 2011. Foto: Arve Uglum, NRK.

Fosshaugane Campus i 2011. Foto: Arve Uglum, NRK.

Fosshaugane Campus vart opna i 2006 og er eit kombinert nærings- og idrettsbygg under nye tribunar på Fosshaugane fotballstadion.
Bygget kosta 250 millionar kroner og vert m.a. nytta av Høgskulen i Sogn og Fjordane og av vidaregåande skular.

I 2010 har leigetakarane i Fosshaugane Campus til saman rundt 500 tilsette, av desse 360 innan skuleverket. Dette året starta ei vidare utbygging av anlegget. Dette arbeidet vart fullført i 2011.

Fosshaugane Campus i 2008, før siste byggjesteget vart reist. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fosshaugane Campus i 2008, før siste byggjesteget vart reist. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 2011 var fotballstadion komplett ved at det var bygt ny tribune på langsida mot den tidlegare grusbana. Stadion vart og utstyrt med ein storskjerm. I 2015 hadde talet på tilsette på Fosshaugane Campus auka til 700, og det vart lagt fram planar om å utvide med eit innovasjonssenter til 50 millionar kroner, slik at det til saman blir rom for til saman 1000 arbeidsplassar.

I tribunebygget er det mellom anna kontorarbeidsplassar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I tribunebygget er det mellom anna kontorarbeidsplassar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 2011 var den gamle tretribuna på bjørkesida erstatta av ei moderne tribune som gjorde Fosshaugane Campus komplett. Foto: Arve Uglum, NRK.

I 2011 var den gamle tretribuna på bjørkesida erstatta av ei moderne tribune som gjorde Fosshaugane Campus komplett. Foto: Arve Uglum, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.06.2015