Hopp til innhold
X
Innhald

Fotballaget Sogndal

Sogndal-spelarar prøver å score mot Aalesund på Fosshaugane Campus 10. november 2013. Azar Karadas (9) i duell med keeper Sten grytebust. Til venstre Gustav Valsvik, nummer 23 er Tonny Brochmann, i bakgrunnen Ulrik Flo. Foto: Alf Vidar Snæland, NTB Scanpix.

Sogndal Idrettslag - SIL - vart skipa i 1926. Elitelaget til Sogndal Fotball er eitt av dei sportslege flaggskipa på Vestlandet.

Heilt sidan Sogndal kom til cupfinalen i 1976, har laget spela jamnt i toppseriane. Gjennom målmedviten rekruttering og trening har laget heilt frå midten av 1970-talet vore leverandør av spelarar både til A-landslaget og ungdomslandslaget på herresida. Laget driv ei mengd baner og idrettsanlegg, og særleg etter at Sognahallen kom i 1998 har fotball og idrett vorte ein viktig næringsveg i bygda.

Vegen mot toppen

Den første gongen Sogndal-fotballen viste at den hadde retteleg tò i seg, var då laget spela seg til 3. runde i cupen i 1968. I 1972 spela laget seg opp frå 3. til 2. divisjon, men rykte ned att i 1974. I 1976 rykte laget opp att i 2. divisjon, og med eit mannskap som også var rekruttert frå aktive fotballmiljø kring Dalsfjorden i Sunnfjord, spela Sogndal seg heilt til cupfinalen same året.

Sogndal klar til cupfinale mot Brann på Ullevaal i 1976. Framme frå venstre: Knut Christiansen, Svein Bakke, Willy Ljøsne, Leon Hovland, Jon Navarsete og Gunnar Sigmar Håre. Bak: Ingvar Stadheim, Johan Johannessen, Torodd Helle, Rolf Navarsete og Magdalon Sætre.

Knut Christiansen sette inn målet til Sogndal på Ullevaal i 1976.

Knut Christiansen sette inn målet til Sogndal på Ullevaal i 1976.

Rolf Navarsete er mellom dei tidlegare spelarane som etter den aktive karrieren har lagt ned eit stort arbeid for Sogndal Fotball. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rolf Navarsete er mellom dei tidlegare spelarane som etter den aktive karrieren har lagt ned eit stort arbeid for Sogndal Fotball. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Cupfinaleåret 1976

På Ullevaal tapte Sogndal Noregs-meisterskapet mot Brann med 2-1. Sogndal sitt eine mål vart scora av Knut Christansen. Dei som var med på det legendariske cup-finalelaget var: Ingvar Stadheim, Johan Johannessen, Torodd Helle, Rolf Navarsete, Magdalon Sætre, Knut Christiansen, kaptein Svein Bakke, Willy Ljøsne, Leon Hovland, Jon Navarsete og Gunnar Sigmar Håre.

Sogndal mellom elitelaga

Sogndal spela seg opp i 1. divisjon i 1981, men rykte ned etter sesongen 1982. I åra 1983-1987 låg likevel laget i toppen av 2. divisjon. I åra frå og med 1988 har Sogndal spela i toppserien 1. divisjon i 1988, 1989 og 1990.

Eirik Bakke i landslagstrøya.

Eirik Bakke i landslagstrøya.

Etter at toppserien vart omdøypt til «Tippeligaen»/eliteserien i 1991 og divisjonen under vart 1. divisjon, har Sogndal spela i Tippeligaen i 1991, 1992, 1. divisjon 1993, Tippeligaen 1994, 1. divisjon 1995 og 1996, Tippeligaen i 1997 og 1998, 1. divisjon 1999 og 2000, og Tippeligaen 2001, 2002 og 2003. Frå 2004 til og med 2010 spela Sogndal i 1. divisjon (Adeccoligaen). Hausten 2010 kvalifiserte Sogndal seg igjen til Tippeligaen ved å vinne Adeccoligaen. Leia av trenar Harald Aabrekk greidde Sogndal å halde seg i Tippeligaen og sikre seg spel der også i 2012. Også i 2012-sesongen greidde Sogndal å halde plassen, leia av svensken Jonas Olsson. Han var også trenar i 2013, då det enda med 12. plass og fornya kontrakt for tredje året på rad. Tillegg under Sogndal mellom elitelaga: Men i 2014 vart det på ny nedrykk i Olsson sin siste sesong som trenar. Eirik Bakke overtok som trenar etter 2014-sesongen. Han leia laget til opprykk i sin første sesong. Sogndal vann 1. divisjon i 2015 og er igjen eliteserielag i 2016.

Den beste plasseringa i seriesamanheng er sjetteplass i toppserien i 1988. Jentelaget til Sogndal vann Dana Cup i Danmark i 2007. Dette er ei av dei største fotballturneringane i Skandinavia.

Landslagsspelarar på rekkje og rad

Landslagsspelarar som har vore fotballspelarar i SIL: Svein Bakke, Lasse Opseth, Frode Grodås, Jostein Flo, Håvard Flo, Tore André Flo, Eirik Bakke, Alexander Ødegaard, Per Egil Flo og Even Hovland. Tommy Øren har òg spela på A-landslaget, men kampen vart ikkje registrert som offisiell landskamp.

Håvard Flo er mellom dei mange Sogndal-spelarane som har hatt det norske flagget på brystet. Her set han inn eit mål for Sogndal. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Håvard Flo er mellom dei mange Sogndal-spelarane som har hatt det norske flagget på brystet. Her set han inn eit mål for Sogndal. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Av framståande fotballtrenarar som har sin bakgrunn som spelarar i SIL, er Ingvar Stadheim og Harald Aabrekk dei mest kjende. Stadheim var m.a. trenar og sjef for det norske landslaget frå 1988-1990. Harald Aabrekk har hatt ansvaret for U21-landslaget og vore assisterande landslagssjef for A-landslaget.

Sogndal Fotball

Den omfattande fotballaktiviteten i idrettslaget i Sogndal gjorde at Sogndal Fotball vart skipa som ei eiga juridisk eining. Dette allianseidrettslaget har ansvaret for all fotballaktivitet i Sogndal.

Yngve Hallén vart dagleg leiar, og Svein Bakke sportsdirektør. Trond Fylling fekk ansvaret som sportsleg leiar, m.a. for Sogndal tekniske Fotballskule. Anleggsansvarleg vart Knut Christiansen.

Då Sogndal spela seg fram til cupfinale i 1976 var det med provisoriske tribuner og nokså kummerlege tilhøve for publikum. Kontrasten er stor til Fosshaugane Campus som stod klar i 2006. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fleire fotballbaner

Hovudarenaen for elitelaget har vore Fosshaugane, som er eigd av fotballselskapet sjølv. Anlegget har på 2000-talet gått gjennom ei omfattande utbygging til ein komplett og moderne fotballstadon med namnet Fosshaugane Campus med kring 5700 sitjeplassar. Men det høyrer med til historia at dei greidde å presse inn over 7000 skodelystne under kvartfinalekampen mot Start i 1976. Då vart det bygt provisoriske tribunar, m.a. ved hjelp av vogntog.

Sogndal Stadion på Kvåle er eit sameige mellom kommunen og Sogndal IL Fotball. På Hafslo har klubben bygt opp eit stort trengingsfelt med fleire fotballbaner.

Sogndal Stadion på Kvåle. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal Stadion på Kvåle. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Spelarinntekter

Sogndal IL Fotball har hatt store inntekter på sal av spelarar til utlandet. Den hittil største summen vart betalt då Eirik Bakke gjekk til den engelske klubben Leeds United i 1999 for 40 millionar kroner.

Stor bedrift

I 2011 hadde Sogndal Fotball ei omsetning på 56 millionar kroner, klubben hadde 46 årsverk, samla lønsutgifter var 22,4 millionar kroner.

Pris for nynorskbruk

I 2011 vart Sogndal Fotball tildelt pris frå Landssamanslutninga av nynorskkommunar for bruken av nynorsk.

Even Hovland frå Vadheim er eitt av dei mange lokale fotballtalenta som har fått toppfotballerfaring i Sogndal. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Even Hovland frå Vadheim er eitt av dei mange lokale fotballtalenta som har fått toppfotballerfaring i Sogndal. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Saftkokaradn

Sogndal Fotball har også eigen supportarklubb som kallar seg «Saftkokaradn».

Saftkokaradn. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Saftkokaradn. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 01.12.2015