Hopp til innhold
X
Innhald

Fotballjentene frå Kaupanger

Damene som spela Kaupanger opp i 1. divisjon i 1985.

Damene som spela Kaupanger opp i 1. divisjon i 1985.

Kaupanger idrettslag vart skipa i 1935, då det avløyste Kvikk Skilag som hadde vore i aktivitet i bygda sidan 1924. Heilt frå starten av idrettslaget stod fotballen høgt i kurs. Laget fekk idrettsplass i 1959.

Damelaget var i perioden 1985-1996 eit av dei beste norske kvinnefotballaga. Dei spela seg opp i 1. divisjon avdeling Vestlandet i 1985. Det året var det fire 1. divisjons-avdelingar i Noreg innan kvinnefotball. Frå 1987 vart det eitt samla nasjonalt seriesystem, og Kaupanger spela i 2. divisjon i mange år.

OL-meisteren frå Sydney 2000, Margunn Humlestøl Haugenes (fødd 1970 - sjå: Kjende personar i Flora) er den mest framståande spelaren på Kaupanger gjennom tidene. I 1986 vart ho utteken til den aller første jentelandskampen i Noreg. Utanom Margunn, har også Anette Igland spela på landslaget medan ho var i Kaupanger.

Elles har Rakel Rauntun, Anette Igland, Reante Taraldset, Trine Lerum, Tone Bakke, Nini Kristin Flo, Ingebjørg Igland, Marit Midthjell, Jori Skorve og Silje Rylandsholm spela på jentelandslaget på 1990-talet. Renate Toraldset og Tone Bakke har også spela på U-20-laget. Ane Liseth Fimreite vart i 2010 utteken på U19-landslaget og i 2011 på U23-landslaget.

Kunstgrasbana på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kunstgrasbana på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.09.2011