Hopp til innhold
X
Innhald

Framlegg om frie skulebøker

Gamle skulebøker på Sunnfjord Museum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gamle skulebøker på Sunnfjord Museum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein mann som gjorde mykje for den norske ålmenskulen tidleg på 1800-talet, kom truleg frå Kaupanger. Han heitte Thomas Amle, og kom i 1816 med framlegg om at skuleborna skulle få fritt skulemateriell.

Dette framlegget var teke opp i Stortinget av lustringen Torgeir Halvardsson Næss, men vart nedrøysta med ei røyst i overvekt. Deretter gjekk det om lag 100 år før borna fekk lovfesta rett til fritt skulemateriell.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.03.2011