Hopp til innhold
X
Innhald

Furukroa

Furukroa. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Furukroa. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Furukroa i Flåm vart starta i 1988 av Torstein Åsen, Terje Tokvam, Leif Horvei og Olav Grindheim. Furukroa vart utvida i 1995 og har no restaurant, kafé og kiosk, og overnattingsplass med 16 senger.

I 2004 overtok Aud Melås, broren Per Steinar Melås og Evan William Lewis med selskapet Flåm Turistsenter AS Furukroa.

Ægir Bryggeri og pub. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ægir Bryggeri og pub. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ægir Bryggeri

I 2007 starta dei Ægir Bryggeri og pub. I utgangspunktet var det meininga at produksjonen skulle dekke behovet til Flåmsbrygga Hotell og puben.

Men ølet til Ægir vart så etterspurt at selskapet i 2011 vedtok å investere 15 millionar kroner i eit nytt bryggeri på 1200 kvm ved E16 i Flåm. Det inneber at ølet som til no har vore produsert på lisens i Belgia no skal lagast i Flåm. Produksjonskapasiteten blir på 800.000 liter i året. Det nye bryggeriet vart opna i mai 2012.

I 2011 fekk ølet til Ægir tre sølvmedaljar i Australian International Beer Awards. Same året starta Ægir med å lage akevitt. For ølet India Pale Ale fekk Ægir Bryggeri utmerkinga Årets Øl 2012.

I 2011 vart Ægir Bryggeri tildelt Nynorsk Næringslivspris for god marknadsføring på nynorsk.

Evan Lewis i bryggeriet som vart opna i 2012. Foto: Birger Meland, NRK.

Evan Lewis i bryggeriet som vart opna i 2012. Foto: Birger Meland, NRK.

Flåmsbrygga Hotell.

Flåmsbrygga Hotell.

Flåmsbrygga Hotell

I 2008 opna selskapet Flåmsbrygga Hotell. Saman med kapasiteten frå tidlegare Furukroa, har hotellet 42 gjesterom og 84 senger. Det er eigarselskapet Flåmsbrygga AS som eig både Furukroa, hotellet og bryggeriet. Frå 2004 til 2011 har eigarane investert 50 millionar kroner i Flåm, og i 2010 var omsetninga 29 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2013