Hopp til innhold
X
Innhald

Futane var forhatte skatteflåarar

Gjøde Pedersen var så forhatt at nokre bønder prøvde å ta han av dage.

Gjøde Pedersen var så forhatt at nokre bønder prøvde å ta han av dage.

Fleire Sogne-futar var illgjetne skatteflåarar og svindlarar. Men sogningane tok att: Fleire gonger klaga dei til kongen og vann fram.

Mellom dei som vart dømde for svindel og vanstyre var futane Gjøde Pederssøn, Didrik Busch, Hans Rasmussen og Simon Nielsen. Alle desse styrde på 1600-talet.

Det gjekk så langt at nokre bønder i 1638 fekk ein leigemordar til å skyte Gjøde Pederssøn. Men han overlevde. Attentatmannen vart halshoggen, og dei tre bakmennene fekk tvangsarbeid på livstid på festninga i København. Men på trass av både drap, svindel og andre misferder, kom futane seg som oftast unna. Gjøde Pederssøn vart frikjend og fekk tilbake futeembetet trass i skuldingar om to drap. Didrik Busch hadde, trass i brotsverk i Sogn, ikkje problem med å svinge seg opp som velståande kjøpmann i Bergen nokre år etter brotsverka.

Sjå elles om den same Busch-slekta under kommunane Fjaler og Solund: Riksmannsslekta Busch.

Les også: Sognafuten budde i Sogndal

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018