Hopp til innhold
X
Innhald

Galleri Rones og biletkunstnarane

Rones, der det no er barnehage. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rones, der det no er barnehage. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1976 organiserte fleire kjende biletkunstnarar i Sogn seg i Sognefjordgruppa. Denne var utgangspunktet for at biletkunstnarane i Sogn og Fjordane i 1981 skipa sitt eige fylkeslag - Bildende kunstnarar i Sogn og Fjordane - BKSF.

Same året opna dei sitt første kunstnarsenter i ein eldre villa i Sogndal - Galleri Rones. Dette huset var bygd av overrettssakførar Reidar Darre Jenssen på 1920-talet. Etter hans tid vart huset i lang tid nytta til legekontor og legebustad. Kunstnarsenteret heldt til her fram til midten av 1980-talet, då kunstnarsenteret og dagleg leiing flytta til Førde.

I Førde heldt kunstnarsenteret til i Røde Kors-bygget fram til det i 1996 flytta inn i det utvida Førdehuset.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 06.01.2010