Hopp til innhold
X
Innhald

Gamle ferdslevegar i Sogndal

Gjennnom Supphelledalen var det ferdsleveg over frå Fjærland til Veitastrond. Inst i dalen ser vi den markerte fjelltoppen Kaldakari. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gjennnom Supphelledalen var det ferdsleveg over frå Fjærland til Veitastrond. Inst i dalen ser vi den markerte fjelltoppen Kaldakari. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Før vegen gjennom det rasfarlege Stedjeberget vart bygt, brukte folk som skulle til Sogndal frå grendene på vestsida av Sogndalsfjorden som oftast båt. Men det var også vanleg at dei gjekk over fjellet mellom Skjeldestad og Skarsbø.

Det var også ferdsleveg over fjellet litt lengre vest – mellom Lereim i Sogndalsdalen og til Øvstetun i Øvstedalen ved Fardal. Frå Supphelledalen i Fjærland var det gamal ferdsleveg over fjellet til Veitastrond i Luster kommune.

Gamlevegen Sogndal–Hafslo

Den gamle ferdslevegen langs dei ville elvejøla ved Årøyelva var noko av det mest dramatiske som ferdafolk kunne oppleve i gamal tid på Vestlandet. Samanhengande vegsamband med køyreveg Sogndalsfjøra-Hafslo-Solvorn kom ikkje før i 1907.

Eide og Eidsfjorden. Hit kom folk i båt frå Sogndal og gjekk eller vart frakta vidare med hest og kjerre til Kaupanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eide og Eidsfjorden. Hit kom folk i båt frå Sogndal og gjekk eller vart frakta vidare med hest og kjerre til Kaupanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen Eide–Kaupanger

Vegen Eide–Kaupanger er kjent som rideveg heilt frå mellomalderen. Etter segna var det denne vegen kong Sverre sine menn nytta då dei var på krigsferd i Sogn i 1184. Denne strekninga var den kortaste frå sjø til sjø når ein skulle gå over land mellom Kaupanger og Sogndalsfjorden. Både på Eide og i Amla var det skysstasjonar i nyare tid.

Les meir om køyrevegar i Sogndal

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.08.2011