Hopp til innhold
X
Innhald

Gamle Stedje stavkyrkje - hovudkyrkje i Sogn

Då noverande kyrkje vart bygt på Stedje i 1867, vart den store stavkyrkja frå 1180-talet riven. Denne kyrkja hadde 16 stavar (bærande søylar), og var ei av dei største stavkyrkjene i Sogn.

Stavkyrkja vart rikt dekorert, og det vekte oppstyr då det vart kjent at kyrkja skulle rivast. Stedje kyrkje var i mellomalderen såkalla «fjordungskyrkje» - dvs. ei slags hovudkyrkje i sitt distrikt – sjå: Mellomalderkyrkja i Sogn og Fjordane.

Ein stav eller søyle frå stavkyrkja er teken vare på ved Bergen Museum. Den har innskrifta: «Denne staven gav Sigrid Kvåle for Antors sjel og nåde for seg sjølv».

Portalen frå stavkyrkja er utstilt på Bergen Museum. Der finst også ein del av ei gamal lysekrune og eit epitafium, truleg frå tidleg 1600-tal. To utskorne masker frå kapitela (søyletoppane) i kyrkja finst på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, likeså kyrkjedør frå mellomalderen, eit udatert gamalt altar, og to udaterte messingstakar.

Ein altardisk frå 1600-talet finst på Vestlandske Kunstindustrimuseum, og i Oldsaksamlinga i Oslo finst ei brurekrune frå nyare tid. Gamle Stedje kyrkje var eigd av tre gardbrukarar på Stedje då den vart riven i 1867.

Runestein ved Stedje kyrkje

Etter Snorre skal Olav den heilage ha vitja Sogndal i 1023 for å kristne bygda, og han peika samstundes ut staden der kyrkja skulle byggjast. Teksten på runesteinen ved Stedje kyrkje kan tyde på det: «Kong Olav skaut mellom desse to steinane».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2009