Hopp til innhold
X
Innhald

Gamlevegen Sogndal-Hafslo-Marifjøra

Den gamle ferdslevegen langs Årøyelvi var dramatisk for dei reisande. På den tida var ikkje elva regulert og kunne gå langt striare enn på dette biletet. Til venstre ser vi litt av riksveg 55. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den gamle ferdslevegen langs Årøyelvi var dramatisk for dei reisande. På den tida var ikkje elva regulert og kunne gå langt striare enn på dette biletet. Til venstre ser vi litt av riksveg 55. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den gamle ferdslevegen langs dei ville elvegjela ved Årøyelvi var noko av det mest dramatiske som ferdafolk kunne oppleve i gamal tid på Vestlandet.

Gamlevegen gjennom Årøy

Frå dei eldste tider har det gått ein gamal ferdsleveg mellom Solvorn/Hafslo og Sogndal på austsida av Årøyelva. Det beste merket etter tidleg aktivitet her er den gamle bygdeborga Borgarholt. Borga ligg like ved den gamle ferdslevegen der den går framom Helvetesfossen i Årøyelva og skriv seg frå den urolege folkevandringstida 400-600 e. Kr. Ein må rekne med at Borgarholt vart bygd nettopp der ved det trange skaret for å hindre fiendar i å trengje inn til Hafslo. Seinare vart vegen Nagløyri-Årøy-Solvorn bygd ut som kjerreveg, og ligg framleis som den gjorde i terrenget framom Helvetesfossen og opp den stupbratte Gildreskreia mot Solvorn. Den første køyrevegen mellom Hafslo og Sogndal vart bygd i 1848. – Les meir om denne vegen nedanfor.

Landevegsrøveri

For å reise frå skysstasjonen på Hofslund i Sogndal og til Solvorn, Hafslo eller Marifjøra, måtte ein fylgje ein kupert veg som gjekk til Nes. Derfrå opp til Kvam, og så nedatt til stranda ved Barsnesfjorden. Her nede gjekk vegen som i ein tunnel under store steinblokker. Staden vart kalla «Børa», og segner seier at folk vart både røva og drepne der. Derfrå gjekk vegen bratt opp til Ølnes før den stupte ned att til Nagløyri, der det var bru over til Årøy.

Nagløyri, der det var skysstasjon. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nagløyri, der det var skysstasjon. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stupbratt ved Helvetesfossen

Ofte vart ferdafolk også rodde frå Sogndal til Nagløyri lengst inne i botnen av Barsnesfjorden. Frå skysstasjonen på Nagløyri gjekk vegen på austsida av Årøyelva opp Gildreskreida (Gildeskredn). Utfor vegkanten på det brattaste ser ein loddrett ned på det vidgjetne Futespranget i Helvetesfossen - også kalla Hallaupspranget.

Skysstasjonar på Hillestad og Solvorn

Etter eit slakt stykke steig den gamle vegen så bratt at både kusk og reisande måtte stige av vogna for at hesten skulle kome seg opp. For å kome ned til Solvorn, måtte ein ned dei bratte Solvorngalden til Vallegardane. Den skrøpelege vegen i Galdane vart ikkje utbetra til skikkeleg køyreveg før i 1848. Sorenskrivar Krebs i Solvorn ytte personleg tilskot til ombygginga.

Skysstasjonar på Hillestad og Solvorn

Skysstasjonen i Hafslo låg på Hillestad. Så tidleg som i 1650 finn vi at «Ingebrigt på Tang» er skysskaffar. Frå Hillestad gjekk vegen over Sterriskaret og stupbratt ned att Skarbakken på nordsida. Herifrå gjekk vegen på austsida av dalføret ned Marheimsbakkane til Marifjøra. I dag går vegen i botnen av Marheimsgjelet, men frå gamlevegen oppe i fjellsida var det stupet rett ned jølet frå vegkanten. Her gjekk ein mann ein gong utfor og drap seg.

To skyssvogner klare til avgang frå Hillestad. Ukjend fotograf.

To skyssvogner klare til avgang frå Hillestad. Ukjend fotograf.

I Solvorn var det skysstasjon for reisande som valde å dra med robåt vidare inn Lustrafjorden. Dei som skulle over sognefjellet til Ottadalen, vart rodde heilt til Skjolden. I Solvorn finn vi «Ole på Vallaker»som skysskaffar i 1666.

Frå Galden mot Solvorn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Frå Galden mot Solvorn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Køyreveg Sogndal-Marifjøra

Samanhengande vegsamband med køyreveg Sogndalsfjøra-Hafslo-Solvorn kom ikkje før i 1907. Vegen vart utbetra og lagt om m.a. med den 403 meter lange Årøytunnelen i 1983.

Les også om bygdeborga i Årøy

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.08.2011