Hopp til innhold
X
Innhald

Gardingane ved Fjærlandsfjorden

I Fjærland har folk ei eiga nemning for folk som bur på dei einbølte gardane ut etter den 27 kilometer lange Fjærlandsfjorden. Dei vert kalla «gardingar». Dei som bur inne i flatbygda vert kalla «fjordingar», og Fjærland heitte også «Fjordbygda» i gamal tid.

På fleire av dei brattlendte gardane ute i fjorden var det vanskeleg å finne åkerland: På plassen Notastein vert det fortalt at dei samla jord for å dyrke ein liten potetåker oppe på ein stor, flat stein. På garden Hammarsnes måtte potetene dyrkast på 5-6 ørsmå spreidde åkerflekkar mellom ur og hamrar.

Einskilde av gardane ligg høgt over Fjærlandsfjorden. Såleis ligg den veglause garden Dalen i Lidal 300 meter o. h. Garden var likevel i bruk heilt til 1970-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2011