Hopp til innhold
X
Innhald

Gardstunet brann

Slik såg bygningane til Kaupanger Hovedgård ut før brannen i 1850.

Slik såg bygningane til Kaupanger Hovedgård ut før brannen i 1850.

Det gamle tunet med hovudbygning frå 1600-talet med klokketårn og med sine to karakteristiske fløyar ut mot fjorden, brann veslejulaftan 1850. Det aller meste av innbuet gjekk tapt - m.a. ei portrettrekkje av eigarane gjennom tidene.

Minst ein av bygningane som brann var frå Gjøde Pederssøn si tid - dvs. tidleg på 1600-talet.

Hovudbygningen på Kaupanger Hovedgård. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudbygningen på Kaupanger Hovedgård. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det store herskapshuset som dominerer tunet i dag vart bygt like etter brannen. Det har to frambygg mot fjorden i kvar gavl, og gardsplassen bakanfor ligg mellom to sidefløyer.

Hovudhuset på Kaupanger Hovedgård er det største herskapshuset i Sogn og Fjordane og har eit slottsprega interiør i mange av romma. Gardsanlegget på Kaupanger Hovedgård vart freda i 2002.

Den store hagen og trappearrangementet med dobbel trapp ut frå stova er i hovudsak bygt ut tidleg på 1900-talet.

Les meir: Adels- og embetsgardar på rekkje og rad.

Frå biljardrommet på Kaupanger Hovedgård. Biletet er teke i 1910. Ukjend fotograf. Eigar: Christen Knagenhjelm/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå biljardrommet på Kaupanger Hovedgård. Biletet er teke i 1910. Ukjend fotograf. Eigar: Christen Knagenhjelm/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018