Hopp til innhold
X
Innhald

Gaulasamskipnaden - eit intermesso

Sogndal kommune gjekk med i Gaulasamskipnaden i 1920.

Dette var eitt av i alt tre interkommunale selskap som skulle byggje ut kraftverk til ålmenn forsyning: Ålfoten skulle syte for kraft til Nordfjord og ytre Sunnfjord, Gaulasamskipnaden skulle byggje ut Gaula og forsyne Sunnfjord og Sogn innover til og med Leikanger, Sogndal og bygder i Luster, og så skulle Lærdal, Borgund og Aurland forsynast frå eit kraftverk i Lærdalselvi. Årdal hadde si eiga forsyning frå Tyin.

Ei tid vart det også tala om at Årøy skulle nyttast i dette store kraftprosjektet, men det fall tidleg bort.

Gaulasamskipnaden havarerte kort tid etter skipinga då dei økonomiske nedgangstidene sette inn.

Les også om Årøy-krafta til glede og besvær.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.11.2008