Hopp til innhold
X
Innhald

Giert Anderssøn Heiberg

Giert Anderssøn Heiberg (1660-1724) fødd i Luster, busett i Amle. Sorenskrivar og godseigar.

Giert Anderssøn Heiberg (1660-1724) fødd i Luster, busett i Amle. Sorenskrivar og godseigar.

Stamfar til Heiberg-slekta på garden Øvre Amla - også nemnt som Ablegaard - sjå: Amla-gardane.

Han voks opp på Kaupanger Hovedgård der faren var godsforvaltar.

Heiberg vart utnemnd til sorenskrivar i indre Sogn i 1688 og kjøpte i 1690 Lillejorden i Amla. Etter tradisjonen skal det vere denne sorenskrivaren som bygde hovudbygningen som framleis står i tunet i Øvre Amla, og er freda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011