Hopp til innhold
X
Innhald

Gunvordal hotell

Gunvordal hotell i 1921.

Gunvordal hotell i 1921.

Dei øvste gardane på sørsida av Dalsvatnet i Sogndalsdalen heiter Gunvordal. Her bygde gardbrukaren Nils Gunvordal i 1868 eit etter måten stort hotell - Gunvordal Hotell. Det var på to og ei halv høgd og kunne ta imot kring 20 overnattingsgjestar.

Jakthotellet i Sogndalsdalen

Om sommaren budde det mykje engelske turistar på hotellet, medan hotellet i vinterhalvåret var eit populært reisemål for bergensarar som ville gå på jakt.

Hotellet låg einbølt og veglaust til, og Nils Gunvordal skyssa gjestane til og frå Gunvordal i robåt nede frå enden av vatnet. Gunvordal Hotell var i drift til kring 1880.

Gunvordal i 2008. Hotellbygningen vart riven i 1925. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gunvordal i 2008. Hotellbygningen vart riven i 1925. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.08.2011