Hopp til innhold
X
Innhald

Guro Severina Næss

Guro Næss-bygget. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Guro Næss-bygget. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Guro Severina Næss g. Olstad starta forretning på Rossenborg på Hofslund kring 1930. Guro var dotter til hotellmannen Peder Næss på Hofslund Hotell. Ho hadde Statens pengelotteri, medisinutsalet i bygda fram til kring 1970, og selde elles broderi og dreiv kransebinderi.

I 1940 bygde Guro ny butikk i Sogndalsfjøra. Dette bygget har seinare vorte utvida i fleire byggjesteg. Dottera Anna Olstad tok til på butikken i 1962, og broren Njål Olstad i 1968. Dei to syskena dreiv butikken saman med mora fram Guro døydde i 1974, og deretter dreiv Anna og Njål til dei la ned 2005.

Anna sine søner, Ove og Geir Ellingsen har overteke forretningsgarden Guro Næss-bygget for utleige.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.01.2010