Hopp til innhold
X
Innhald

Hallaupspranget

Utkledd som kvinne

Futespranget i Helvetesfossen har også eit mindre kjent namn: Hallaupspranget. Det skriv seg frå 1184 då kong Sverre hadde sendt hærmenn til Sogn for å straffe sognebøndene etter at nokre lendmenn hadde vorte drepne i Lusakaupang, der dei var samla til julegilde. Nokre av Sverre sine menn skulle etter segna ta seg fram til Lusakaupang frå Fylkesbygda, som Hafslo den gongen heitte.

Utkledd som kvinne

Sogningane ville stanse hæren til Sverre i dei bratte jøla ved Helvetesfossen. Dei samla ei velte oppe i lia. På den andre sida stilte ei jente seg opp for å varsle med ein duk når Sverre sine menn kom. I ein hellar under hamrane sat ein kar utkledd som kvinnfolk. Han skulle få krigarane til å stanse opp rett under velta ved å spele på ein munnharpe. Frå spelemannen gjekk det ei varselsnor opp til vakta ved velta.

Alt gjekk som planlagt: Kvinna vinka med duken, den utkledde mannen spela på munnharpa, hæren stansa opp. Velta vart løyst og tok dei fleste av Sverre sine menn med seg.

Alle vart drepne

Resten vart antan hogne ned av sogningane eller tekne til fange. Ein av fangane var hovdingen Hall. Han fekk valet mellom å bli drepen med øks, eller berge seg ved å hoppe over elva. Han valde det siste, ramla i fossen og vart borte. Difor vert også futaspranget kalla Hallaupspranget.

Same fella for Sinclair

Historia har mange likskapar med skotthæren til Sinclair som vart teken av dage nett på same måten ved Kringen i Gudbrandsdalen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2011