Hopp til innhold
X
Innhald

Halvardshaugen på Kvåle

Det skal det ha budd ein småkonge som heitte Halvard på storgarden Kvåle i Sogndal. Ein gong var han førar for eit slag som gjekk frå Kvåle til Skjeldestad. Hallvard vann slaget, men det låg så mange lik att på slagmarka at dei kasta dei falne ned i ei massegrav i ein dal som sidan har hatt namnet Likdalen. Ein konge som fall i slaget, vart lagd i haug i Stemmehaugen, medan son til Halvard vart lagd i Njøshaugen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.01.2010