Hopp til innhold
X
Innhald

Handel i Fardal

Fardal på slutten av 1800-talet. Bilete frå sogeskriftet ...so han sa...utlånt av Sigurd O. Ylvisåker.

Fardal på slutten av 1800-talet. Bilete frå sogeskriftet ...so han sa...utlånt av Sigurd O. Ylvisåker.

Fritz Kristian Schultz (d. 1934) starta i 1868 den første landhandelen i Fardal. Han var bergensar og hadde tidlegare drive byhandel med jekt.

Schultz dreiv også eit lite sagbruk i Fardal før han starta handel. I Fardal leigde han ei sjøbu av øvstedølene, kjøpte seinare eit stykke av almenningen ved fjorden og bygde sitt eige handelshus ved kaia. Her vart han også dampskipsekspeditør for Fylkesbaatane.

Etter at Schultz gjekk konkurs på 1890-talet, overtok L. Bjørnetun og T. Rendedal handelen i 1897. I 1900 selde dei til Bertinus A. Venes. I nokre få år frå 1900 og utover leigde Venes ut eit sandtak på Fardal til ein bergensar som produserte takheller i sementstein. Sonen Anders B. Venes tok over butikken på 1920-talet. Han gjekk konkurs, men starta oppatt og dreiv i kona sitt namn fram til han drukna ved kaia i i 1948, 53 år gamal.

Då overtok Sigurd O. Ylvisåker den tradisjonsrike butikken i Fardal. Han bygde ny butikk i 1965. Sonen Svein Arne Ylvisåker tok over i 1985. Han hadde også lager for Stormøllen. Butikken vart lagd ned i 1995.

Butikken i Fardal vart lagd ned i 1995. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Butikken i Fardal vart lagd ned i 1995. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.08.2011