Hopp til innhold
X
Innhald

Hans H. H. Heiberg

Hans H. H. Heiberg. Foto: Sviggum.

Hans H. H. Heiberg. Foto: Sviggum.

Heiberg vart nær 97 år. Dette biletet vart teke då han var 90 år. Foto: Sogn Avis.

Heiberg vart nær 97 år. Dette biletet vart teke då han var 90 år. Foto: Sogn Avis.

Hans H. H. Heiberg (1904-2001) frå Amla. Godseigar, professor, motstandsmann under 2. verdskrig og Høgre-politikar.
Eksamen som forstmann frå Norges Landbrukshøgskole (NLH) 1927.

Overtek Øvre Amla

Heiberg arbeidde som forskar ved NLH til 1938, då han tok over den store jord- og skogeigedomen på Øvre Amla etter faren, den kjende museumsbyggjaren Gert Falch Heiberg (les og Heibergane kjem til Amla). I denne tida dreiv han m.a. ein tjørefabrikk på garden.

Milorg-basen i Sogndalsdalen

På slutten av krigen vart Heiberg oppnemnd som distriktssjef for Milorg i Sogn. Under opprulling av organisasjonen vinteren 1945 greidde Heiberg å rømme. Han låg i dekning til freden i mai 1945.

Ordførar og professor

I 1946 vart han ordførar i Sogndal, men vart same året utnemnd til professor i skogskjøtsel ved Norges Landbrukshøgskole. Denne stillinga hadde han til 1954, då han vende tilbake som brukar på Øvre Amla.

Museumsarbeid

Som forfedrene var H. H. H. Heiberg sterkt oppteken av De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, som hadde tilhald ved gardstunet i Øvre Amla før ein starta flyttinga til Kaupangerskogen på 1980-talet. Han var formann i Sogn Historielag og i museumsstyret frå 1944 til 1976.

Tillitsverv

Innan norsk skogbruk hadde Heiberg ei mengd tillitsverv, m.a. leiar i Skogbruksforeningen av 1950 - seinare Norskog. På 1950- og 1960-talet sat han i fleire periodar i Sogndal kommunestyre.

Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.08.2011