Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Rasmussen

Hans Rasmussen (ca. 1580-). Vart fut i Sogn etter Gjøde Pederssøn, som vart frådømd embetet i 1611 etter fleire brotsverk.

I 1616 vart også Hans Rasmussen dømd fordi han m.a. hadde stole mykje frå buet etter Gjøde Pederssøn, bygd ei sag utan kongeleg løyve, og jaga bort bygselbøndene under Stedje gard (sjå: Storgarden Stedje). Han hadde også stukke skattepengar i eiga lomme.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.11.2008