Hopp til innhold
X
Innhald

Harald J. Blaauw

Harald J. Blaauw (1889–1977) frå Oslo, busett i Sogndal. Fylkeslege. Distriktslege i Fjaler 1934–1948. Kombinert distriktslege i Sogndal og fylkeslege i Sogn og Fjordane 1948–1966.

Blaauw var den siste lege her i landet som samstundes var både distriktslege og fylkeslege. Han gjorde ein stor innsats for å få bygd ut Tronvik psykiatriske behandlingsheim på Kyrkjebøstranda som opna i 1956.

Blaauw vart i 1963 oppnemnd som leiar for ei nemnd som i 1965 la fram ein plan for modernisering og utbygging av sjukehusa i fylket. Tilrådinga gjekk ut på å byggje ut lokalsjukehusa. Det var denne tilrådinga som på slutten av 1960-talet førde til kvass strid mellom dei som ynskte sentralsjukehus og dei som satsa på eit desentralisert sjukehusvesen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.08.2011